Spel med når Alle mot 1 går på NRK1.
Du deltek ved å svare i appen og kjempar saman med andre sjåarar mot deltakaren i studio. Dersom du er heldig kan du vinne pengepremien på opp til 100 000 kroner.
Programmet handlar om å gjette nærast riktig svar på rare, morosame og spektakulære eksperiment som:
*Kor lang tid tek det å dela ein bil i to?
*Kor mange meter klarar ein klatrar å klatra opp eit tau?
Det er sjølvsagt heilt gratis å delta vi Alle mot 1-appen.
Du kan spela med kvar laurdag frå 26. februar til 23. april 2022.
Alle kan delta, men du må registrere telefonnummer og vere fylt 13 år for å kunne vinne pengepremien.
Telefonnummeret blir kun brukt til å kontakte vinnaren, som blir trekt ut blant registrerte spelarar.
Dersom du registrerer deg vil du hjelpe oss med, og vere ein del av, statistikk over korleis Noreg gjer det undervegs i programmet. Vi håpar du tek deg tid til dette, men det er ikkje eit krav for å delta i spelet.
Du kan óg invitere vener og familie til å spele med kvarandre i appen.
Saman vil de konkurrere i å få høgast samanlagt poengsum.
Dersom du opplever problem med spelet, kan du kontakte oss på: [email protected]